• Welcome to Brann Bataljonen Bergen. Please login or sign up.
 

Litt om kvart.

Started by Svein Martin, September 03, 2003, 04:03:08 AM

0 Members and 1 Guest are viewing this topic.

Go Down

Svein Martin

På heimturen etter kampen i Skien vart eg sitjande å tenkja på kvifor enkelte går på kamp. Etter mitt syn var det enkelte som var på kampen bare for å høyra si eiga røst. Det virka som dei var meir opptatt om andre supportere sang No ser eg rødt, no ser eg hvitt........ enn å følgja med på kampen. Sjølvsagt skal vi syngja og støtta opp om laget men med all respekt så kjører eg ikkje den lange vegen over fjellet bare for å brøla "kampsanger" i eit par timar. Det viktigaste for meg er tross alt å følgja med på det som skjer på banen.
Når dette er sagt så synes eg at vi tross alt vi gav bedre støtte til laget vårt enn dei vel 5000 Oddrane som var på kamp. Dei høyrtes ut som dei var på bibliotek. Det eg egentlig vil fram til med denne epistelen er at nesten alle som gidder å reise over fjellet for 2 timar med underholdnig kan vell reknast som gode supportere. Det er ei god støtte for laget at nokon tar seg tid og råd å reisa på bortekamp. Så oppfordringa blir: Fortsett med gode sanger og støtt laget, men husk at ikkje alle er som deg sjølv.  No ser eg fram til medalje og Europacup igjen. Heia Brann.

Go Up