Show Posts
This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.
Messages - Pippi
Pages1
1
Brann / Sv: Steinar Nilsen
March 31, 2010, 15:11:22 PM
Meiner Steinar Nilsen på ramme alvor at bileta frå gullfesten representerer eit motivasjonsproblem for spelarane? Kva slags fagleg syn på motivasjon ligg bak dette? Om Branns historie representerer eit problem for Nilsen, er det ikkje sikkert Brann er rette klubben for han.
At klubben ikkje har forvalta gullet godt, er tydeleg nok. Men det er så visst ikkje nokre bilete på veggen som er problemet.
At klubben ikkje har forvalta gullet godt, er tydeleg nok. Men det er så visst ikkje nokre bilete på veggen som er problemet.
2
Kamper / Brann junior - sesongen 2009
April 14, 2009, 22:15:14 PM
Brann slo Stord 6-3 på Nymark i kveld då juniorane sesongopna. Ein del flotte mål av våre gutar! Matias Møvik scora tre; Anders Næs, Preben Johansen og Muhammed Kanneh ordna kvar sitt. Baklengsmåla kom litt enkelt (har dei lært av seniorane :-)).
3
Brann / Anke-saken
October 06, 2003, 13:31:00 PM
NFF har endå ein gong levd opp til sitt dårlege rykte. Dommarfeilen er udiskutabel, medan det kan diskuterast kva forhold som krev protest på dommarkortet og kva som har 24 timars klagefrist. Likevel presterer NFF å avvisa anken frå Brann på syltynt formelt grunnlag, medan dommaren (som alle er erkjenner har gjort ein grov feil) ikkje får noko som helst straff. Logisk? Berre for NFF!
Protestar mot NFF er på sin plass. Første sjanse er når Norges U21-landslag møter Luxembourg på Brann Stadion fredag 12/10 kl 1530.
NFFs reglar må snarast endrast slik at det vert ein generell 24 timars klagefrist for alle forhold - under kampen, rundt kampen etc. Ingen vil tapa på at evt klager kan fremjast i fred og ro. Fotball bør mest mogeleg handla om spelet på banen. Det bør vera grenser for kor mykje jus og regeltolking skal vera i fokus under sjølve kampen og første timen etter. Regelverket bør utformast slik at saklege forhold vert viktigare enn formalitetar.