• Welcome to Brann Bataljonen Bergen. Please login or sign up.
 

Show Posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Messages - Ninja-Bob

1
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
June 20, 2018, 10:22:21 AM
Poenget mitt var at Ranheim fort kan ende opp på åttende plass både med og uten Løkberg etter at dei oppgraderar kunstgrasdekket sitt. Dei skal jo egentlig ikkje ende på andre plass, og det er i alle fall ein diskusjon som dei sikkert har innad i klubben og som dei må vege for eller imot om.
2
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
June 20, 2018, 07:43:42 AM
Det kjem jo heilt an på korleis Ranheim ser på tabellplasseringa dei har no, og om dei trur at ein korreksjon uansett vil kome i løpet av haustsesongen. Sånn Lidahl virkar utad så er dei nok truande til å legge alt i potten, men det kan jo hende at dei har eit styre som er noko meir sobert og Løkberg går til oss for ein halv mill eller noko.
3
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
June 19, 2018, 19:22:46 PM
Me har blitt harde forhandlarar. Eg synes det er bra.
4
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
June 18, 2018, 17:25:03 PM
Kven er spurt? Soltvedt? Nilsen? Løkberg? Me har jo god dekning på midtbana, men Løkberg har hatt ein ordentlig god sesong så langt.
5
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
June 18, 2018, 17:01:51 PM
BA meldar at Brann vil hente Kristoffer Løkberg frå Ranheim.
6
Quote from: Churchill on June 09, 2018, 09:45:40 AMHvem tar backen om ikke Ruben blir klar?

Det blir vel Braaten og Gilli då, vil eg tru. Med mindre LAN ender opp med å gjenta suksessen med 3-5-2 frå LSK-kampen i cupen...
7
Haugen er på gang med mål og målgivande i dei to siste kampane, gje heller Barmen og nakken hans ein pause om ikkje den er 100% for å la Orry kome inn.
8
Kamper / Re: Lillestrøm - Brann, 21.05 kl 20.00
May 20, 2018, 15:56:20 PM
Radlinger
Gilli Wormgoor Acosta Kristiansen
Haugen Barmen Ordagic
Koomson Skålevik Marengo
9
Tenker først og fremst på å få Gilli over på høgreback slik at me speler med to backar som er trent i faget. Så det blir Kristiansen - Barmen - Marengo på venstre fløy og Gilli - Haugen - Koomson på høgre.

Ellers er eg enig i at Gilli - Marengo har meir morro i seg enn Kristiansen - Gilli, altså.
10
Talaren over såg same kamp som eg såg. Spelet var ingen krise i går, men me var reduserte og møtte ordentlig god motstand. Mykje læring i å måtte støte og støte mot eit så godt organisert og pliktoppfyllande forsvar som det FKH varta opp med. Med litt flaks hadde me vunne kampen, med ganske mykje uflaks hadde me tapt den. Uavgjort var greit, men no håpar eg Kristiansen snart er klar for å spele igjen.
11
Tøv, Skålevik kjem til skåre to i andre omgang.

(Håpar eg)
12
Brann / Re: Brann i media
May 12, 2018, 09:14:54 AM
Men kor vanskelig er det å få til intervju med spelarar og apparat? VG fekk eit langt intervju med Nilsen og TV2 lagde videosak med Koomson. Sikkert etter avtale, men det verkar vel ryddig det å lage avtalar først? Det Brann vil ha mindre av er vel sånne korte saker om at LAN er sur etter trening eller at Vega skulle ønske han fekk meir speletid, og sånne ting er jo egentlig ikkje så veldig interessant? Kunne godt tenkt meg å lest fleire lengre saker om korleis me speler og kva filosofien bak det er eller korleis ein indreløper tenker i systemet vårt enn dei fleste intervjua sånn dag-til-dag på bt.no.
13
Brann / Re: Lars Arne Nilsen
May 05, 2018, 19:00:13 PM
Hei Pamer, om du les dette, kan du ikkje be Nilsen utdjupe kva han meinte med denne uttalelsen til VG?
14
Brann / Re: Lars Arne Nilsen
May 05, 2018, 16:58:07 PM
Vel, han er jo opptatt av det defensive han der trenaren vår...
15
Brann / Re: Lars Arne Nilsen
May 05, 2018, 13:52:57 PM
Trur du han meinar at Pettersen Olsen ikkje er eit keeperalternativ dersom Radlinger blir skada eller får karantene? Det kan eg ikkje tru at han meiner.

Det er definitivt utrulig klønete formulert og/eller sitert, men dette handlar om neste vindu og kva me skal spele med til hausten og då er det vel ikkje utenklig at dette er meininga hans?

"Vi har god dekning på midten og kantene, men bakover har vi egentlig bare én keeper, et stopperpar og to backer. Med Ruben (Kristiansen) ute nå måtte vi bruke Gilli (Rolantsson) som back. Så vi skal ha inn flere."

Keeper: Markus Olsen Pettersen
Stopperpar: Jonas Grønner og Azar Karadas
Backer: Vidar Ari Jónsson og Gilli Rólantsson Sørensen.

Om du spør meg er det ein meir plausibel forklaring enn at trenaren går ut i media og seier at han reknar andrekeeparen og begge andrestopparane våre som ubrukelige.

Men det er definitivt veldig klønete formulert.
16
Brann / Re: Lars Arne Nilsen
May 04, 2018, 22:34:56 PM
Quote from: Billy Elliott on May 04, 2018, 14:30:54 PM- Ja. Vi har god dekning på midten og kantene, men bakover har vi egentlig bare én keeper, et stopperpar og to backer. Med Ruben (Kristiansen) ute nå måtte vi bruke Gilli (Rolantsson) som back. Så vi skal ha inn flere, sier Lars Arne Nilsen til VG.

Grip kanskje litt etter halmstrå her, men kan ha referert til kva dei har i backup på plassane? Altså: me har kun ein keeper, eit stopperpar og to backer i backup.
17
Quote from: krakra on May 03, 2018, 18:00:24 PMBrann2 trenger jo hjelp etter en tøff start. Hvorfor ikke teste denne "relasjonen" mot slutten av deres kamper hvis laget sliter? Karadas trenger visstnok mye matching siden han ikke får spille på a-laget, og Braaten trenger å spille seg i form. Hvorfor brukes de aldri på et Brann2-lag som skriker etter litt rutine?

Ein faktor her kan vel vere at det kun er lov til å bruke tre spelarar over 21 i kvar kamp for eit andrelag.
18
Brann / Re: Samuel Sahin-Radlinger
April 28, 2018, 17:58:08 PM
Og, som dei prata om på ballspark sin podcast, ein av grunnane til at han har blitt satt så lite på prøve er at han er så god som sweeper og midtstopparane kan stå høgare, og berre det er jo verdt ein god del pengar om ein spør meg.
19
Kamper / Re: 15.04 kl 20:00 Sarpsborg 08 - Brann
April 11, 2018, 19:00:41 PM
Det kan hende at eg tar feil, altså. Håpar det, og håpar at me køyrer over 08 til helga. :)
20
Kamper / Re: 15.04 kl 20:00 Sarpsborg 08 - Brann
April 11, 2018, 09:35:16 AM
Eg trur at litt av grunnen til at me gjekk ut så hardt mot Strømsgodset var fordi både Ulland Andersen og Jradi var ute til den kampen. Det vil overraske (positivt) meg om Nilsen hadde planlagt det heile veka.
21
Brann / Re: Branns slagord/motto?
March 12, 2018, 19:34:52 PM
Kva med å berre gjere «de hjeleløses hjelper» til det offisielle mottoet? Det er noko fint og litt bibelsk over det...
22
Brann / Re: Overganger vinteren 2017/18
February 26, 2018, 11:06:43 AM
Er de usannsynlig at me kvittar oss med to frispelarar og får inn ein ny på spissplass? Gilli og Vega for eksempel, eller Marengo kanskje? Er ikkje det ein smart omfordeling av ressursar i klubben?
23
Kamper / Re: Treningskamper 2018
February 19, 2018, 14:07:36 PM
Quote from: Huff on February 18, 2018, 13:05:56 PMHvordan var Skaanes på kant?

Svært anonym i denne kampen.
24
Brann / Re: Overganger vinteren 2017/18
February 14, 2018, 21:55:26 PM
Haha, så han blei altså ikkje vraka. Jaja.
25
Brann / Re: Overganger vinteren 2017/18
February 14, 2018, 20:53:10 PM
BA har ein artikkel ute om kvifor Skålevik blei vraka til treningskampen, men eg manglar abonnement. Vil nokon hinte? Har det noko med ein eventuell overgang å gjere?

Ellers las eg på twitter at Brann angivelig skal ha lagt inn bud på ein ny spelar.
26
Kamper / Re: Treningskamper 2018
February 13, 2018, 14:45:25 PM
Kristiansen er igjen i Norge på grunn av at han skal bli far, las eg på brann.no, så det er nok ikkje avslørande om han ikkje speler akkurat denne kampen. :)
27
Brann / Re: Fredrik Haugen
February 09, 2018, 08:30:05 AM
Hmm, det ser ut til at Haugen har fått ny agent mellom forhandlingane også. I sakene om at han ikkje kom til å forlenge står det at Atta Aneke er hans agent, mens han har tagga ein annan agent, med det slicke namnet Dan M. Ihlen-Hansen, i instagram-posten om at han hadde forlenga.
28
Brann / Re: Talentarbeid
February 08, 2018, 19:15:45 PM
Marthinussen gjorde ikkje så mykje ut av seg, men eg la merke til at ein av dei første pasningane var hardt og presist slått til sidemannen hans Vito W. Alltid godt med spelarar som slår harde pasningar og ikkje berre dyttar avgårde ballen sånn halvvegs engasjert.
29
Brann / Sv: Jonas Grønner
November 27, 2017, 14:15:03 PM
Men Acosta snakkar knapt engelsk, gjer han ikkje? Wormgoor har jo relativt OK engelsk i det minste.
30
Brann / Overganger vinteren 2017/18
November 26, 2017, 20:49:14 PM
Quote from: Corran on November 26, 2017, 20:41:55 PME det mulig å få 6 straffer i løpet av en sesong?????????? Sjokkert
Og denne Åsen imponerte ikke voldsomt i dag. Men det kan jo bety at interessen for ham hos andre daler.

Ganske off topic i denne tråden, men dersom Marengo speler fast så må me jo etter kvart få fleire straffar. Han kjem jo støtt og stadig forbi både ein og to spelarar inne i motstandarden sin 16-meter.
31
Brann / Sv: Jonas Grønner
November 26, 2017, 14:46:17 PM
«– På banen har han vært god hele tiden, men nå er han også blitt mye mer voksen. Vi har tro på Jonas, det er derfor han fikk ny kontrakt. Han er en type som jeg håper at skal bli en leder i Brann etter hvert, sier Nilsen, som påpeker at han har veldig sans for typen Jonas Grønner er.»

Frå https://www.bt.no/100Sport/fotball/Brann-treneren-om-Jonas-Gronner--Han-er-en-tiger-man-ma-temme-245955b.html
32
Kamper / Sv: Brann-Tromsø, 26.11 kl 18
November 26, 2017, 14:40:09 PM
I følge BT så er Barmen fortsatt skada. Eg trur ikkje det er lov å bruke Skålevik no sjølv om sesongen i Obos er ferdig, men eg har egentlig ikkje peiling, altså.
33
Brann / Sv: Overganger vinteren 2017/18
November 23, 2017, 18:56:56 PM
Her er forøvrig lenke til ei svært interessant sak Josimar hadde om og med Sarpsborg og Thomas Berntsen sit arbeid som sportsdirektør.

http://www.josimar.no/artikler/for-fa-er-henning-berg/4437/
34
Brann / Sv: Overganger vinteren 2017/18
November 23, 2017, 18:55:48 PM
Blei det ikkje hinta til at det delvis var økonomiske årsaker til at Birkelund endte opp i Songdal også? Kontrakten hans gjekk ut på eit tidspunkt der me ikkje hadde råd til å forlenge eller nokl tilsvarande?
35
Kamper / Sv: Strømsgodset - Brann, 19.11.17 kl 18:00
November 19, 2017, 10:50:42 AM
Ja, om me ikkje går for siger i dag så blir eg sur.
36
Kamper / Sv: Strømsgodset - Brann, 19.11.17 kl 18:00
November 16, 2017, 18:40:05 PM
Haha, så lite veit eg.
37
Brann / Lars Arne Nilsen
November 16, 2017, 17:58:31 PM
Sånn apropos ingenting, men eg traff faktisk ein venn av ein venn heromdagen som hadde hatt Nilsen som trenar og spelt på lag med SHN på aldersbestemte lag i Volda. Eg benytta moglegheiten til å spørre og grave litt om korleis det hadde vore, og han sa at LAN var ein rolig, tålmodig og fair trenar den gangen. Sivert, derimot, var visst like rabiat på bana då som han er no, og blei fly forbanna støtt og stadig.
38
Kamper / Sv: Strømsgodset - Brann, 19.11.17 kl 18:00
November 16, 2017, 17:55:30 PM
Ja, det blir vel Orry, men eg trur også at Grønner kunne blitt ein god defensiv midt. Og sånn for LAN sin del så er ein vel ikkje så avhengig av centimeter over bakken der som ein er som midtstoppar.
39
Kamper / Sv: Brann - Lillestrøm 05.11.17 kl 18:00
November 05, 2017, 20:00:42 PM
Med både Molde og Sarpsborg-tap og Brann-seier så er jo dette ein god runde for vår del. Kampen borte mot Strømsgodset blir viktig.
40
Kamper / Sv: Brann - Lillestrøm 05.11.17 kl 18:00
November 05, 2017, 12:39:25 PM
Hohoi, det er ganske iskaldt sagt. Får det liksom ikkje til å gå opp med at han samtidig seier at han er meir opptatt av å beholde dei han har en å få inn nye spelarar.
41
Kamper / Sv: Haugesund-Brann 28.10.2017 18:00
October 28, 2017, 19:07:15 PM
Eitt straffemål og to spelarmål frå spissplass i dag. Veldig bra!
42
Kamper / Sv: Haugesund-Brann 28.10.2017 18:00
October 28, 2017, 19:06:15 PM
Fy faen så godt. Eg er heilt utslitt eg no, og hunden trur eg har blitt sprøyte gal.
43
Kamper / Sv: Haugesund-Brann 28.10.2017 18:00
October 28, 2017, 17:53:27 PM
Quote from: Torvanger on October 28, 2017, 17:51:33 PM
Vindforholdene spiller selvsagt litt inn, for det kommer sterk vind inn sideveis, fra motsatt langside vs tv-kamera, noe som gjør at ballen stopper opp i luften foran Piotr. På motsatt corner får ballen ekstrem fart.


Dette er noko me også må benytte oss av.
44
Kamper / Sv: Haugesund-Brann 28.10.2017 18:00
October 28, 2017, 16:35:33 PM
Eurosport trur også at Barmen skal spele spiss. Då håpar eg at me har andre løysingar på igangsetting enn utspark mot hovudet til Skaanes.
45
Kamper / Sv: Haugesund-Brann 28.10.2017 18:00
October 28, 2017, 13:18:37 PM
Av dei alternativa me har som ikkje er Børven så verkar Vega meir målfarleg enn både Braaten og Marengo, men LAN synes kanskje han er for lav til å vere spiss? Er villig til å gje Barmen sjansen på topp igjen også.
46
Brann / Sv: Daniel Braaten
October 26, 2017, 14:41:48 PM
Shit, har Braaten blitt skada igjen?
47
Kamper / Sv: Brann-Rosenborg | 22. oktober | Kl. 20.00
October 23, 2017, 10:04:19 AM
Er det berre meg eller hadde SHN ein mykje bedre kamp i går enn på lenge? Ikkje misforstå, det var plenty tull og sutring og feilpasningar, men langt fleire pasningar framover på bana, og opptil fleire av dei traff mottakar også.
48
Kamper / Sv: Brann-Rosenborg | 22. oktober | Kl. 20.00
October 23, 2017, 09:55:10 AM
Marengo hadde problem med ryggen, og ville bli tatt ut dersom det ikkje bedra seg, sa LAN til tv-folka i pausen.
49
Kamper / Brann-Rosenborg | 22. oktober | Kl. 20.00
October 22, 2017, 21:56:30 PM
Men no kom eg på at Heltne Nilsen kasta seg i eit forsøk på å få frispark før 0-3, og blei dritflau. Det der må han gje seg med, altså.
50
Kamper / Sv: Brann-Rosenborg | 22. oktober | Kl. 20.00
October 22, 2017, 21:54:39 PM
Skaanes sin hands foran Haugen-målet som blei annulert er ikkje tydeligare enn situasjonen der RBK-stopparen skyt ballen rett i handa si innanfor 16-metaren deira i førsteomgang.

Uansett: denne kampen kan me vere stolt av på ein heilt anna måte enn Molde-kampen.